lørdag 19. oktober 2013

Torgmaddammen Erna

Erna Solberg er ei torgmaddam som gjev grei melding til oss som har kome innom salsbua hennar, skriv Nils Rune Langeland i Dag og Tid (18/10):

Difor slyngjer det seg ein usynleg slange rundt det blonde hovudet åt statsminister Solberg denne gråkalde dagen. Det er ei elektronisk kraftline av knitrande lydlause meldingar der det kokar i fantasiar, vreide og planar om alskens finurlege framstøytar, baktankar som kan flytte nokre heimlause millionar, milliardar hit og dit. Her rår det stormannsgalne vyar, rasande hemnlyst, sprudlande vellæte og heile tida det frie fantasifulle ordet susande rundt som i ein partikkelakselerator. Men du som står her ute i kulda, høyrer ingenting av dette. Berre denne meldinga om at alt skal bli bra.

Ingen kommentarer: