Thomas Hegghammer
har, saman med to andre forskarar ved FFI, studert 76 planlagde og
utførde terroråtak i perioden 2001-14. I studien kom dei fram til at dei
fleste hendingane var av ein slik karakter at væpna politi ikkje kunne ha stogga dei, i følge Dag og Tid.
- I studien såg me at overraskingsmomentet i dei fleste hendingane var for stort til at væpna
politi kunne ha stogga åtaka. 55 av dei 76 hendingane nytta bomber, og 4
av dei forgifting, og slike åtak kan ein ikkje stogga med handvåpen. 5
av åtaka nytta kniv eller øks i åtak mot einskildpersonar, og i slike
tilfelle er åtaket over innan politiet kjem fram til åstaden, sier Hegghammer til Dag og Tid.
- Vår forsking syner at generell væpning sjeldan har avgrensa effekten
av eit terroråtak, medan punktvæpning ofte har det, til dømes i åtaket
mot parlamentet i Ottawa eller i åtaket mot Krudttønden i København i
januar. Politiet må vera til stades når åtaket byrjar for at væpninga
skal ha effekt, og det er dei ved punkttrygging. Difor er eg positiv til
utplassering av væpna vakter ved Stortinget og andre særleg utsette mål, men skeptisk til generell væpning som terrortrygging.
Skatt ødelegger feriene dine!
for 11 timer siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar