Alexandra Irene Larsen kritiserer 21. februar (Klassekampen, tidligere også i VG) Knut Vikør for «grove feil, mytologisering og manglende presisjon». Vikør svarer 23.februar:
Det var ikkje lite, men for min del koker det ned til ei setning i læreboka mi «Ei verd bygd på islam», der eg skriv at den europeiske ekspansjonen etter 1800 kom som eit sjokk på dei arabiske lærde; dei var vant til å sjå europearane som ignorante barbarar. Og dei hadde i stor grad rett, skreiv eg, den islamske verda hadde vore det store kultursenteret. Feil, seier Larsen, alt på 1600-talet var europearane langt forbi. Og det var dei jo. Om ho hadde brydd seg med å lese ei setning vidare etter det ho siterer, står det: «Men frå renessansen og 1400-talet tok dette styrkeforholdet til å snu på seg».Larsen har altså sitert Vikør selektivt for at det skal passe inn i hennes argumentasjon. Frekkhetens nådegave.
På Minerva svarer også Utvik på Larsens kritikk:
"Det finst problematiske sider ved kravet om Sharia som gjeldande lov på alle felt, målt mot det me til vanleg oppfattar som sentrale menneskerettar og demokratiske prinsipp. Det eine gjeld dette at loven i prinsippet er gitt ein gong for alle, og ikkje kan vera gjenstand for grunnleggjande endring. Det andre gjeld sjølve lovens innhald. Me har tidlegare lagt vekt på at islamismen rommar eit vidt spenn av ulike tolkingar av Sharia. Dette tyder likevel ikkje at islamistane stiller seg heilt fritt til Loven slik han tradisjonelt har blitt utlagt av dei skriftlærde. Og i det tradisjonelle synet på Sharia er det grunnleggjande problemet sett ut frå menneskerettsperspektivet at han skil på folk og gir dei ulike rettar.Igjen har Larsen sitert selektivt for å få utsagnet til å passe inn i argumentasjonen Larsen forsøkte å bygge opp. Frekt.
[Larsen siterer herfra:] Sharia er heilt klart ikkje-rasistisk. Då han fekk si form på sju- og åttehundretalet av vår tidsrekning var han også i si samtid langt framme i si rettstenking, i den forstand at medan berre frie, muslimske menn hadde fulle rettar, så gav islamsk lov også rettar til slavar, til kvinner og til truande frå andre religionar. På alle desse punkta var han langt meir vidsynt enn det som galdt i det kristne Europa på same tid.[Larsen slutter her] Omplanta til dagens verd støyter det å skilja folk i ulike grupper likevel mot ideen om alles like rettar."
2 kommentarer:
Hah, hva sa jeg? Damn I’m good. :-)
Hehe. Undertegnede bommet vel heller ikke så galt.
Legg inn en kommentar