søndag 27. mai 2012

Israel mot det totalitære?

Utholinga av det israelske demokratiet frå ei aggressiv høgreside er eit mykje farlegare trugsmål enn atomfaren frå Iran, skriv Bernt Hagtvet i Dag og Tid (18.mai):

Avigdor Lieberman vil fjerna den grunnlovfeste plikta den israelske høgsteretten har til å prøva lovene frå Knesset mot grunnlova. Liebermans agenda er å ta frå høgsteretten høvet til å peika på menneskerettsbrot i lovgjevinga. Lieberman har seinare merkt seg ut med framlegg om å avretta folk som har kontakt med Hamas, og han vil gjera kritikk av staten Israel til landssvik. 
Lieberman er ingen demokrat. Han er flyktning frå det gamle Sovjet. Det synest. Sternhell sa det skarpare: Den type statsrådar som finst i Benjamin Netanyahus kabinett, må ein attende til Franco-Spania for å finna parallellar til.
Hagtvet får svar på tiltale av Jiri Muller (Dag og Tid 25.mai) som mener Hagtvet bare siterer seg selv samt "limousin-liberaleren" Remnick i New York Times.

Ingen kommentarer: