Dag og Tid (1.mars) har intervjua Hallgrim Berg om hans nye bok. Berge mener at EU har blitt lokomotiv i islamisering av Europa:
- Du skriv: «Du kan ikkje døme ei heil folkegruppe eller ein nasjon på
grunn av framferda til enkelte villmenn.» Men islam og islamisme flyt
ofte saman i boka di?
- Det er vanskeleg å setje eit klart
skilje mellom dei to. Islam er inspirasjonskjelda for islamismen. Den
tyrkiske statsministeren Erdogan seier at det er tull å snakke om
radikal eller moderat islam, islam er eitt. Og Ayaan Hirsi Ali har sagt:
«Det finst ingen moderat islam, men det finst passive muslimar.»
- Eg stussar på framstillinga av muslimar som ei sameint blokk som vil erobre verda. Det finst inga slik muslimsk semje?
- Eg har blitt skulda for å tru på konspirasjonar. Men det eg gjer, er å
få fram ukjent stoff om blant anna den islamske
samarbeidsorganisasjonen OIC, den euroarabiske dialogen, presset mot FN
og handelsavtalar med EU. Det trengst ingen konspirasjonsteoriar, det er
drivkrefter i samfunnsutviklinga som dreg i same retning. Eg trur ikkje
at det står ein general bak kvart samleie mellom muslimar for å ta over
Europa med barnevogner.
- Du hevdar at islamismen har kosta 270 millionar menneskeliv, og viser
til noko kalla Center for the Study of Political Islam. Påstanden verkar
tynt fundert?
- Eg tek ein del atterhald der. Men eg var
inspirert av Torbjørn Færøvik som sa i eit intervju om Mao-boka si: «Det
er viktig å telje lik.» Anslaga er CSPI sine, men det er sjølvsagt
umogleg å seie talet eksakt.
Bør denne turisten betale besøksbidrag?
for 17 timer siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar