søndag 3. mars 2013

Islam=islamisme=kommunisme

Dag og Tid (1.mars) har intervjua Hallgrim Berg om hans nye bok. Berge mener at EU har blitt  lokomotiv i islamisering av Europa:

- Du skriv: «Du kan ikkje døme ei heil folkegruppe eller ein nasjon på grunn av framferda til enkelte villmenn.» Men islam og islamisme flyt ofte saman i boka di?

- Det er vanskeleg å setje eit klart skilje mellom dei to. Islam er inspirasjonskjelda for islamismen. Den tyrkiske statsministeren Erdogan seier at det er tull å snakke om radikal eller moderat islam, islam er eitt. Og Ayaan Hirsi Ali har sagt: «Det finst ingen moderat islam, men det finst passive muslimar.»


- Eg stussar på framstillinga av muslimar som ei sameint blokk som vil erobre verda. Det finst inga slik muslimsk semje?

- Eg har blitt skulda for å tru på konspirasjonar. Men det eg gjer, er å få fram ukjent stoff om blant anna den islamske samarbeidsorganisasjonen OIC, den euroarabiske dialogen, presset mot FN og handelsavtalar med EU. Det trengst ingen konspirasjonsteoriar, det er drivkrefter i samfunnsutviklinga som dreg i same retning. Eg trur ikkje at det står ein general bak kvart samleie mellom muslimar for å ta over Europa med barnevogner.


- Du hevdar at islamismen har kosta 270 millionar menneskeliv, og viser til noko kalla Center for the Study of Political Islam. Påstanden verkar tynt fundert?
- Eg tek ein del atterhald der. Men eg var inspirert av Torbjørn Færøvik som sa i eit intervju om Mao-boka si: «Det er viktig å telje lik.» Anslaga er CSPI sine, men det er sjølvsagt umogleg å seie talet eksakt.

Ingen kommentarer: