torsdag 4. oktober 2012

Drapet på ambassadør Stevens i Benghazi

Oppdatering: se også Walid al-Kubaisis artikkel.

------
Hendingane som førde fram til at ambassadør Christopher Stevens døydde, er ikkje heilt klarlagde. Men mange vitneutsegner frå staden og fråsegner frå det amerikanske utanriksdepartementet støttar mistanken om at åtaket var nøye planlagt føreåt, heller enn ei uheldig utvikling av ein demonstrasjon. Dei som stod bak åtaket, kven dei no var, verka vere meir opptekne av å hemne seg på USA denne emblematiske datoen enn å protestere mot spreiinga på internett av Innocence of Muslims, filmen som har sett den muslimske verda i rørsle frå Tunis til Islamabad. Han er produsert av den mystiske Sam Bacile, som gjev seg ut for å vere israelskamerikansk, og syner profeten Muhammed som ein ihuga skjørtejeger, pedofil og forherda tjuv.

Tysdag kveld var forretningsmannen Mustafa Bosen saman med nokre hundre andre libyarar framfor det amerikanske konsulatet i Benghazi for å syne sinne mot denne brannfakkelen av ein amatørfilm. Ein annan demonstrasjon gjekk føre seg samstundes ved den amerikanske ambassaden i Kairo, der resultatet var avgrensa til nokre mindre skadar på bygningen.

- Vi var vanlege folk, utan våpen, komne for å syne avsky mot makkverket av ein film, fortel Bosen i eit telefonintervju.

- Og nett då vi hadde byrja gå derifrå, kom nokre typar med rakettdrivne granatar i ein pickup. Det var då stemninga snudde heilt. Kanskje kom dei for å feire åtaka 11. september 2001 på sitt vis? Eller kom dei kan hende for å hemne drapet på Abu Yahya Al-Libi? Det er vanskeleg å seie.

Al-Libi, libyar og nummer to i Al-Qaida, vart drepen av ein amerikansk drone i Pakistan i juni, men dette vart ikkje stadfest før måndag 10. september av Ayman al-Zawahiri, leiaren for Al-Qaida.

- Det som har kome fram, tyder på at dei som gjekk til åtak på konsulatet, nytta raseriet over filmen som dekning, seier Abdel Kader Kadoura, professor i statsvitskap i Benghazi.

Dei første skota kunne høyrast då klokka nærma seg 22. Angriparane trengde seg svært snøgt inn i konsulatet, opna eld mot hovudbygningen og sette fyr på han med granatar og molotovcocktailar. Dei kom seg forbi dei amerikanske og libyske vaktene. Ifølgje ei kjelde i utanriksdepartementet vart ambassadør Stevens og ein amerikansk tryggingsagent kjøvde av røyken då dei freista flykte frå eldhavet. Så vart annekset til konsulatet, der ein del av personalet hadde forskansa seg, skote på med mitraljøse «i to timar», stadfestar den amerikanske kjelda. Amerikanske forsterkingar vart sende frå ambassaden i Tripoli med helikopter og hamna i sin tur i eit bakhald.

- Salvane som vart skotne mot oss med bombekastarar, var altfor presise til at dei kunne kome frå vanlege demonstrantar, seier den libyske kapteinen Fathi Al-Obeidi, sitert av Reuters. Han skulle støtte hjelpestyrkane.

- Eg er overtydd om at dette åtaket var nøye planlagt, legg han til. To andre tilsette ved konsulatet vart òg drepne, og to til vart skadde.

(fra Le Monde, gjengitt på norsk i Dag og Tid)

1 kommentar:

Anonym sa...

Takk Konrad . Gir et komplett bilde .
Planlagt drap på USAs ambassadør

Av Walid al-Kubaisi , 14.09.12

Den provoserande filmen om muslimar var ikkje grunnen til åtaket på USAs ambassade i Libya 11. september.

http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=2362