lørdag 6. august 2011

Somalia 2.0, eller Irak 3.0?

Er Libya på vei til å bli et nytt Somalia, eller kanskje en fastlåst situasjon som Irak på 1990-tallet? Kaj Skagen siterte allerede 25.mars Monica Fahmy i Tages-Anzeiger: «Vi står overfor trugsmålet om eit nytt Somalia.» Skagen skriver videre:



Ei tredje militær mogelegheit er at ingen av partane vinn. Då kan landet verta
delt i to mellom Gaddafi som vert sitjande i Tripoli, og opprørsklanene som får
den austlege delen. Fleire talar om ei deling av landet i tre, etter grensene
for dei tre historiske provinsane. Vil vi då få ein liknande situasjon som etter
den fyrste Irak-krigen, då ein halvt avvæpna Saddam Hussein fekk sitja nokre år
under det vestlege flyforbodet, til han vart funnen i ei jordhòle etter den
andre krigen nokre år seinare og så hengd.
Lærdommen fra Kosovo er også glemt eller forvrengt:



Den gongen intervenerte NATO med den same grunngjevinga som no i Libya. Dei
sivile i Kosovo skulle frelsast frå den galne diktatoren Milosevic. Han og
styrkane hans vart rett nok tvinga ut av Kosovo. Straks gjekk kosovoalbanarane
under leiing av Kosovos frigjeringsarmé (UCK) laus på dei serbiske sivile, medan
NATO-styrkane såg på. «Etterpå,» skriv Ladurner, «synte det seg at UCK var ein
organisasjon gjennomsyrt av mafiaen». [Ladurner er redaktør i Die Zeit]
Dobbelmoralen er også beklemmende for mange vestlige ledere:

Vestlege leiarar som Sarkozy, Berlusconi, Blair og Obama, som har akseptert
Gaddafi heilt til i førre månad, leier no militæraksjonen mot han. Likeins vart
son til Gaddafi, Seif-al-Islam, berre for eitt år sidan omtala i NRK som Libyas
«von for ei demokratisk framtid»; for ei veke sidan kunne vi lesa i VG at den
same Gaddafi-sonen er vorten degradert frå «demokratisk von» til «fryktet
dikatorsønn» som «dreper for pappa».

Ingen kommentarer: